• Heim
  • Aktuelt
  • Produktoversikt
  • Butikk
  • Historikk
  • Économusée
  • Aurland
  • Om oss

Om oss

Aurland Skofabrikk er i dag eigd av Aurland Ressursutvikling AS og Aurland Sparebank. Fram til sommaren 2008 var fabrikken eigd av familien Wangen, som då hadde drive den i tre generasjonar.

Det var Andreas og Inga Wangen som starta Aurland Skofabrikk i 1939. Med tida vart fabrikken ein god arbeidsplass for mange aurlendingar. Andreas Wangen starta produksjonen på loftet i huset sitt, og utvida seinare til uthuset, den tidlegare stallen.

Seinare overtok Ansgar Wangen, sonen til Andreas og Inga, drifta av skofabrikken saman med kona Eldbjørg. I 1986 bygde dei den nye skofabrikken, der vi no held til. Sidan 1989 har Aurland Skofabrikk vore den einaste produsenten av Aurlandskoen. Ansgar og Eldbjørg heldt trufast fram med produksjon av den tradisjonsrike skoen, sjølv om det var stritt mange gonger. Dei dreiv skofabrikken til dei gjekk av med pensjon for nokre år sidan.

om-oss_ansgar
om-oss_eldbjorg

Då Ansgar og Eldbjørg gjekk av med pensjon, var det sonen deira, Svein Idar Wangen, som leia produksjonen i nokre år. Han har vore med å lage sko frå han starta som læregut hjå foreldra i 1977.

Astrid Midtbø Navarsete har jobba som skomakar ved fabrikken sidan 1982. I mange år var ho og Svein Idar dei einaste tilsette i skofabrikken.

om-oss_astrid
om-oss_svein-idar
om-oss_ingrid
om-oss_geirfinn

I 2008 overtok Aurland Ressursutvikling AS og Aurland Sparebank drifta av Aurland Skofabrikk. Dei siste åra har det vorte tilsett fleire nye handverkarar. I dag er det soleis 5 handverkarar som jobbar med produksjon av Aurlandskoen. Det er Astrid Navarsete, Svein Idar Wangen, Geirfinn Lysne, Grigore Valchizan og Simona Elena Valchizan.

Om oss_alle

  • logo aurlandskoen
  • logo-economusee
  • Opningstider

    måndag - fredag   08 – 16

    laurdag og søndag stengt

  • Kontakt
    Aurland Skofabrikk
    5745 Aurland
    Tlf 57 63 32 12
    Epost post@aurlandskoen.no



  • Heim
  • Aktuelt
  • Produktoversikt
  • Butikk
  • Historikk
  • Économusée
  • Aurland
  • Om oss

© Copyright Aurlandskoen og Oransje webdesign | Logg inn

Back to Top