Historikk
Skomakartradisjonen i Aurland har røter heilt attende til 1880-talet. Mange trur at dei britiske lakselordane, som kom til Aurland frå midt på 1800-talet, kan ha vore ein viktig årsak til oppblomstring av skomakaryrket i Aurland. Lakselordane hadde trong for å reparere skoa sine, og det kan ha vore ein inspirasjon for duglege skomakarar.
Ein av skomakarane me kjenner godt til frå denne tida er Lars Monsen Lie Ohnstad (1852-1937), eller Urda-Lars som han vart kalla. Han er framleis kjent for arbeidet sitt. Han nåtla lodnasko og tesesko, også kjent som snaukoppar. Me er òg kjende med arbeidsmetodane og arbeidsreiskapen hans, som han bar med seg på ryggen.
To andre er Vebjørn Sjursen Vangen (1852-1905) og Andreas O. Vangen (1853-1942). Dei laga Tesesko i Aurland. Truleg reiste dei to karane til Chicago i 1893 og synte fram skoa sine på den norske paviljongen på Verdsutstillinga. Denne verdsutstillinga, kalla Worlds Colombian Exposition, var ei så stor oppleving at folk nærmast vart oppmoda om å selje innbu for å kome dit!
Nils Tveranger og den første Aurlandskoen
Den tidlege utgåva av Aurlandskoen kom truleg på marknaden i 1908. Det var Nils Tveranger som utvikla skoen, som var vakker som eit smykke. Den var heilt ulik dagens Aurlandsko, og hadde snøring og øyrer. Skoen vart etter kvart mønsterbeskytta under namnet Nasjonalskor.
Nils Gregoriusson Tveranger (1874-1953) kom til Aurland som ung mann. Då hadde han allereie vore fleire år i Amerika, truleg i Chicago, der han hadde lært seg skomakaryrket.
Nils Tveranger etablerte seg i Aurland. Han vart gift med Hansine Toraldsdotter Onstad (1877-1933). Dei fekk fire born. Nokre av etterkomarane deira arbeider i skofabrikken i dag. Det var Tveranger som var hovudpersonen bak nyutviklinga og profesjonaliseringa av skomakarkunsten, som Aurland har blitt kjend for over heile landet.
Den opphavlege Aurlandskoen selde so godt at mange skomakarar følgde det gode eksempelet til Tveranger. Dei lærte av han, og så starta dei sine eigne skoverkstader.
Nils Tveranger fekk førstepris for skoen sin under landsutstillinga i Bergen i 1910. I tillegg til å vere ein god og nyskapande skomakar, var han og ein flink seljar. For han var ikkje fjorden eit stengsel, men snarare vegen ut til den store marknaden.
Nytt design
Medan 1930-talet var prega av økonomiske nedgangstider elles i verda, var det godt håp i Aurland. Ein ny sko var i ferd med å kome på marknaden, og denne vart ein stor suksess. På den tida vart skoen kalla Aurlandsmokasinen, men seinare fekk den namnet Aurlandskoen.
Nils Tveranger stod også bak bak ideen og designet av den nye modellen. Skoen hadde likskapar med Teseskoen, som hadde vore laga i Aurland sidan andre halvdel av 1800-talet.
Den nye Aurlandsmokasinen vart svært ettertrakta i tiåra etter 2. verdskrigen. Alle ville gjerne ha den populære skoen, som etter kvart vart ein motesko for begge kjønn. Skoen vart òg ein del av frigjeringa på 1960-talet, då både menn og kvinner ville gå i fotformsko. For kvinnene kan det sjå ut som om skoen vart ein del av ein ny symbolikk, når dei no kvitta seg med dei høge hælane.
Inspirasjon frå Amerika
Den nye Aurlandskoen vart til på 1930-talet. Det vert hevda at Nils Tveranger hadde henta inspirasjon til skoen frå mokasinane til Iroquois-folket i Amerika.
Tveranger kan samstundes ha vorte inspirert av Teseskoa til «urbefolkninga i Aurland». Her har det jo vore laga enkle, mokasinliknande sko i all tid, og dei vart framleis laga då Nils Tveranger starta som skomakar i Aurland, før 1900.
Om skomakaren sjølv hadde originalideen til skoen eller om han let seg inspirere og bygde på andre tradisjonar, skal ikkje seiast for sikkert. Då han utvikla skoen trefte han i alle fall godt i motebiletet og i marknaden. Leik med indianarmytar og det frie mennesket i indianarane sine sko, høvde godt med dei nye trendane som var på veg.
Sal gjennom agentar
Tidleg på 1900-talet gjekk mykje av salet føre seg ved at agentar, eller seljarar, reiste rundt og gjekk frå hus til hus med vareprøvar. Skoa vart sende i postoppkrav frå Aurland.
Aurlandskoen vart og eksportert i store tal til Storbritannia, Canada og USA. Jamvel på Svalbard vart skoen populær. I nabolandet vårt Danmark, kalla dei skoen for norsk hyttesko.
Harde tider og nedgang
Mot slutten av 1960-talet vart det harde tider for skobransjen i Noreg, og også Aurland sine skoprodusentar møtte motgang. Konkurransen med sko frå land med lågare lønningar vart hard, og over heile landet måtte skofabrikkar leggja ned. Det var ei vanskeleg omstillingstid for mange. Aurlandskoen, som tidlegare var billeg allemannseige, vart no sett på som ein «sossesko» i nokre miljø.
Mot slutten av 1960-åra starta arbeidet med bygginga av vasskraftanlegget i Aurlandsdalen. Dette var eit enormt byggjeprosjekt, og kraftutbyggjaren og entreprenørane kunne tilby arbeid med høge lønningar og fast arbeidstid. Anlegget verka som ”gullfeberen i Klondyke” på skomakarane, og enkelte skoverkstader vart etterlatne slik dei sto.
Etter kvart var det berre få skomakarar att i Aurland. Ein av dei som valde å satsa vidare var Ansgar Wangen og Aurland Skofabrikk. Han tenkte som so at når alle andre sluttar så må det vera marknad for nokon å halda fram.
Sidan 1989 har Aurland Skofabrikk vor den einaste produsenten av Aurlandskoen, og utan det valet Ansgar tok og den innsatsen han, kona Eldbjørg, sonen Svein Idar og dei som har jobba ved fabrikken opp gjennom åra har lagt ned, so hadde det ikkje vore skoproduksjon i Aurland i dag.
Aurlandskoen er i dag ein av dei aller viktigaste merkevarene for Aurlandssamfunnet. ”Alle” har høyrt om Aurlandskoen. Med etablering av det nye visningssenteret Aurlandskoen Économusée, er det stor tru på at det vil bli produsert sko i Aurland i lang tid framover.


