• Heim
  • Aktuelt
  • Produktoversikt
  • Butikk
  • Historikk
  • Économusée
  • Aurland
  • Om oss

Économusée

Aurland Skofabrikk er medlem i Économusée Northern Europe, som vart etablert i april 2008. I tillegg til Noreg er Island, Færøyane, Irland og Nord-Irland med i organisasjonen. Aurlandskoen Économusée vart opna 1. juli 2009, som det aller første i Europa og under Économusée Northern Europe.

economusee-1
economusee-2

Économusée er eit solid utprøvd canadisk konsept med utspring i Québec provinsen. Formålet er å ta vare på, utvikle og syne fram tradisjonsrike handverk og kunnskapen om desse. Sidan starten i 1992 er det etablert meir enn 50 sentra i provinsane Québec og Atlantic. Dei verksemdene som har integrert konseptet kan syne til gode økonomiske, reiselivsmessige og kulturelle resultat. På den måten vert det skapt eit grunnlag for å føre vidare handverkstradisjonen.

Ideen bak modellen Économusée er å:

  • SYNE FRAM levande handverk og tradisjonell kunnskap
  • TA VARE PÅ kultur og tradisjonar
  • KOMBINERE kultur, økonomi og turisme
  • BYGGJE ein kulturell modell for entreprenørskap

Eit Économusée er ikkje eit museum i vanleg forstand, men ei levande handverksverksemd der det i tillegg til produksjon og sal av tradisjonelle handverksprodukt, vert lagt til rette for ei reiselivsoppleving ved at handverkstradisjonane og den historiske samanhengen vert synleggjort. Verksemda får med det ein ekstra arena for omsetnad av produkt direkte til kjøpar, og soleis eit meir solid grunnlag for vidareføring av handverkstradisjonen og kunnskapen om denne.

Économusée kjenneteiknar ei verksemd som:

  • Nyttar ein tradisjonell teknikk eller kunnskap i produksjonen sin
  • Har eit oppriktig ønskje om å opne dørene for publikum, for å syne fram handverket og kunnskapen om dette, og lata publikum få møte dei som utfører handverket
  • Har eit bygg som er lagt til rette for framsyning og formidling av handverkstradisjonen
  • Fullt ut baserer verksemda si på sal av produkta sine
economusee-3
economusee-4

Eit Économusée er sett saman av 6 ulike funksjonar, men som skal inngå i ein naturleg heilskap. For Aurlandskoen Économusée er dette gjort tilsvarande på denne måten:

  1. Resepsjonen, der bygda sin mangfaldige skomakarhistorie og dagens handverkarar vert presentert
  2. Produksjonslokala i kjellaren, der handverkarane produserer kvalitetsskoen frå Aurland
  3. Utstillingsområde, der historia bak skoproduksjonen vert forklart og vist fram gjennom tekst, bilete og gjenstandar
  4. Moderne design med lær
  5. Dokumentasjonssenter
  6. Butikk

For meir informasjon om Économusée sjå:

www.economusee.no eller www.economusees.com

  • logo aurlandskoen
  • logo-economusee
  • Opningstider

    måndag - fredag   08 – 16

    laurdag og søndag stengt

  • Kontakt
    Aurland Skofabrikk
    5745 Aurland
    Tlf 57 63 32 12
    Epost post@aurlandskoen.no



  • Heim
  • Aktuelt
  • Produktoversikt
  • Butikk
  • Historikk
  • Économusée
  • Aurland
  • Om oss

© Copyright Aurlandskoen og Oransje webdesign | Logg inn

Back to Top