Nye prisar frå 1. februar
Aurland Skofabrikk justerer opp prisane på Aurlandskoen, gjeldande frå 1. februar 2012.
Aurland Skofabrikk justerer opp prisane på Aurlandskoen, gjeldande frå 1. februar 2012.
Aurland Skofabrikk AS produserer og sel den tradisjonsrike Aurlandskoen. Vi driv også Aurlandskoen Èconomusée, eit visningssenter for Aurlandskoen som opna sommaren 2009, som det første i sitt slag i Europa. Aurland Skofabrikk ligg sentralt plassert på Aurlandsvangen, kommunesenteret i Aurland kommune (Sogn og Fjordane). Vi har i dag fem tilsette og er eigd av Aurland Ressursutvikling AS (52 %) og Aurland Sparebank (48 %).
Aurland Skofabrikk er inne i ei spennande utvikling, og for å styrke arbeidet vårt innan sal og marknadsføring skal det no opprettast ei 100 % stilling som sal- og marknadsleiar. Til stillinga vil ligge hovudansvar for verksemda sitt totale arbeid innan sal og marknadsføring, herunder utarbeiding og oppfølging av strategiar på området. I tillegg vil det til stillinga bli lagt ansvar for ein del administrative oppgåver i verksemda. Drift av fabrikkutsalet og visningssenteret Aurlandskoen Économusée vil også bli lagt inn under stillinga. Den som blir tilsett vil inngå i eit utstrakt samarbeid internt i konsernet Aurland Ressursutvikling AS (www.visitflam.no), og på den måten vere del av eit større nettverk.
Vi søkjer ein sjølvstendig og utadvendt person, med utdanning innan sal og marknadsføring og med praksis frå arbeid med sal og marknadsføring. Kjennskap til og erfaring frå skobransjen
vil vere ein fordel, men ikkje avgjerande. Vi ser også etter ein person som synes det er spennande å jobbe med ei tradisjonsnæring, slik som Aurlandskoen er. Søkjarar må beherske norsk og engelsk godt, kvalifikasjonar i andre språk vil vere ein fordel. Det må påreknast ein del reiseverksemd. Søkjarar må ha førarkort og disponere eigen bil. Løn etter avtale.
Kortfatta søknad, med CV som dokumenterer relevant utdanning og praksis, kan sendes til Aurland Prosjektteneste AS, Fjordsenteret, Onstadvegen 25, 5745 Aurland eller på
e-post: post@aurlandprosjektteneste.no
Kontaktperson: Arve Tokvam, telefon 907 85 950
Hugsar du den koselege adventserien «Jul i skomakergata»?
I Aurland har me ikkje vår eiga skomakargate, men me har vår eigen skofabrikk. Kva med Aurlandsko som julegåve?
I desember har me laurdagsope 10. og 17. desember kl. 10.00 – 15.00.
Velkomen til hyggjeleg julehandel hjå oss!
I vår starta Aurland Skofabrikk prøveproduksjon av Aurlandsko i ulike fargar. Sidane dette har vore ein prøveproduksjon for å prøve ut korleis marknaden har reagert på dei nye fargane, så har det i utgangspunktet vore laga eit avgrensa tal sko i nokre av fargane, men der vi har prøvd å supplere opp etter kvart. Vi har likevel opplevd så stor etterspurnad etter sko med nye fargar, at vi i løpet av sommaren diverre har gått tom for mange fargar. Dette har ført til lang ventetid på sko for ein del av kundane våre. Vi orsakar dette på det sterkaste, men ber samstundes om forståing for at vi treng litt tid på å få dei nye fargane inn som ein større og fast del av produkstutvalet vårt, etter at dette so langt har vore ein prøveproduksjon.
Nokre av dei nye fargane vil ut over hausten bli ein del av det faste produktutvalet vårt, medan det for sko med nokre fargar må påreknast spesialbestilling og litt lengre leveringstid.

måndag - fredag 08 – 16
laurdag og søndag stengt
© Copyright Aurlandskoen og Oransje webdesign | Logg inn