Aurlandskoen
Aurland Skofabrikk produserer og sel den tradisjonsrike Aurlandskoen. Dei siste åra har det vore satsa mykje på produktutvikling og Aurlandskoen fins no i mange ulike fargevariantar i tillegg til dei tradisjonelle fargane svart og naturell.
Aurlandskoen har vore produsert sidan midt på 1930-talet. Me kjenner til 19 ulike skofabrikkar som har vore i drift i Aurland, og på det meste var nesten 100 personar sysselsette innan skomakaryrket her. I dag er Aurland Skofabrikk den einaste attverande produsenten av den velkjende og karakteristiske skoen.
Sommaren 2009 opna Aurland Skofabrikk eit nytt visningssenter for Aurlandskoen, etter den canadiske modellen Économusée. Visningssenteret var det første i sitt slag i Europa.
I skofabrikken og det nye visningssenteret Aurlandskoen Économusée, får du formidla historia og kunnskapen om skohandverket i Aurland. Her kan du og handle Aurlandskoen og dei andre produkta våre til fabrikkpris.
Kom og sjå levande skoproduksjon i ein av dei siste attverande skofabrikkane i Noreg!


